top of page

Om Gjensyn

Sting for sting:
Å sy til ein berekraftig og inkluderande bedrift.

Gjensyn systove starta opp i februar 2023. Ønsket vårt var å skape ein stad der klede og tekstilar kan få nytt liv, samstundes som vi hjelper folk inn i arbeidslivet.

Hos oss kan du få reparert favorittkleda dine, få hjelp til saum av nye produkt eller redesigne noko gammalt til noko heilt unikt. Vi brenn for gjenbruk og nyttar ofte stoff som elles ville blitt kasta.

Erfaring og handverk

Vi har over 20 års erfaring med skreddararbeid og tek på oss dei fleste oppdrag. Ingenting er for lite, og ingenting er for stort! Vi har sydd alt frå detaljerte dåpskjolar til store propellbeskyttarar for helikopter.

Vårt motto: Av og til treng jakka berre ein ny glidelås, buksa ei bot eller kjolen eit lite utsaum for å bli så god som ny.

Kurs og meistring

Vil du lære å sy? Vi held kurs for alle – frå deg som aldri har halde i ei nål, til deg som vil lære meir avanserte teknikkar. Hos oss er alle velkomne til å lære og skape.

Ein inkluderande arbeidsplass

Gjensyn er meir enn berre ei systove. Vi tek imot flyktningar og innvandrarar som ønskjer å øve på norsk samstundes som dei lærer om det norske arbeidslivet. Her skaper vi ein trygg arena for meistring og språktrening, med låge skuldrer og opne sinn.

Vi er stolte over det vi har fått til så langt. Vi gjer vårt aller beste, og ber om forståing for at språket vårt framleis er under utvikling – akkurat som kleda vi syr om!

Gjensyn gjengen

Anndi Bergset har stoff i handa.

Anndi Bergset

Dagleg leder

Anndi flytta til Noreg frå USA i 2013. Ho har sydd sidan ho var barn og utvikla hobbyen til ei karriere ved å ta ein mastergrad i teaterdesign. Fokuset i masteroppgåvene hennar var scenografi og kostymedesign. 

Munir Sakka sitt ved ein symaskin.

Munir Sakka

Skreddar

Munir flytta til Noreg frå Syria i 2017 med familien sin. Han jobba som skredder på klesfabrikk i Syria i seks år. Etter at han kom til Stryn har han arbeida på Innvik Ullvarefabrikk i seks år før han no er hos oss i Gjensyn.

bottom of page