top of page

Velkomen
til Gjensyn!

Symaskin ved vindaugen med regnbogn ute

- sosialt entreprenørskap - reparasjon - redesign - syhjelp -

Etablert i 2023 for å hjelpe deg med å ta
gode val.

Vi starta Gjensyn systove i februar 2023 fordi vi trur på verdien i det som allereie finst. Enten du treng hjelp til å fikse ein øydelagd glidelås, vil sy om noko gammalt til noko nytt, eller ønskjer profesjonell hjelp til saum, er du velkomen til oss. Gjennom vårt arbeid tek vi vare på både miljøet og menneska, ved å skape ein trygg arena for arbeidstrening og meistring.

Ein fin kjole i rosa med blonde, glitter og stas. Ein knapp ligg klar til å vere sydd på kjola. Bildet er ein knapp på framsida til vår netside som heitar skreddarsydd til gjenbruk.

Skreddarsydd til gjenbruk

Av og til treng jakka berre ein ny glidelås, buksa ei lita bot eller kjolen eit utsaum for å bli så god som ny. Vi gjev kleda dine den omsorga dei treng for å vare i mange år til.

Om buksa er trang

om buksa er lang

blir den like fin

med vår symaskin

Ein muslimsk dame sitt framfor ein overlock maskin med lærer ved siden av ho. Bildet er ein knapp til vår nettside om kurs.

Kurs på Gjensyn

Har du lyst til å sy dine eigne klede eller reparere det du allereie har? Bli med på kurs hos Gjensyn systove og lær handverket frå grunnen av. Vi hjelper deg å bli trygg bak symaskina.

Hyllene er stappfullt med ull rester frå Innvik Ullvarefabrikken i skarpe fine fargar. Bildet er ein knapp til vår side som heitar alt lokalt.

Alt lokalt

Våre lokale samarbeidspartnarar er gull verdt!

Fleire damer frå ulike land står rundt eit bord dekket med prosjekt og symaskiner. Bildet er ein knapp til vår side som heitar om oss.

OM OSS

Møt gjengen vår!

Kvifor oss?

20+ år erfaring

Fokus på inkludering

Miljøvenleg og bærekraftig

Norsk produsert

bottom of page